I kvar si verd?
Samandrag Artikkelen presenterer eit forsøk på samandrag av ei heil rekke undersøkingar knytt til eit større forskingsrådsstøtta historieprosjekt som starta ved Høgskulen i Volda i 2008: «Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ca. 1660–1870». Ved sida av å fortelje kva prob...
Saved in:
| Main Author: | |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Scandinavian University Press
2021-01-01
|
| Series: | Heimen |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/heimen/2021/01/i_kvar_si_verd |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Samandrag
Artikkelen presenterer eit forsøk på samandrag av ei heil rekke
undersøkingar knytt til eit større forskingsrådsstøtta historieprosjekt
som starta ved Høgskulen i Volda i 2008: «Kulturperspektiv på møte
mellom embetsmenn og bønder ca. 1660–1870». Ved sida av å fortelje
kva problemstillingar og hypotesar som låg til grunn, presenterer
vi også organiseringa av heile prosjektet, og kva avgrensingar dette
i seg sjølv innebar i høve til dei nokså vidfemnande målsettingane.
Hovudsaka var å sette spørjeteikn ved om det er rett å hevde at
dei norske rurale lokalsamfunna bar preg av ei klar sosial og kulturell
kløyving mellom embetsmannsmiljø på den eine sida og sjølve bondesamfunnet
på den andre. Har vi gjennom dei mange større eller mindre undersøkingane
klart å svare på spørsmåla? Svaret er langt på veg ja, men likevel
ikkje eintydig. Ikkje alle førehandshypotesane var lette å ta standpunkt
til. Likevel var vi påtakeleg ofte i stand til å spore personlege
band mellom representantar for embetsstanden og bondestanden, noko
som i alle fall inneber ei klar nyansering av den såkalla «tokulturlæra». |
|---|---|
| ISSN: | 0017-9841 1894-3195 |