«Det moderne gjennombrotet» i lærarskulen<subtitle>Ibsen-lesing hjå Tromsø-seminaristar</subtitle>

I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesa...

Full description

Saved in:
Bibliographic Details
Main Author: Narve Fulsås
Format: Article
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Scandinavian University Press 2021-06-01
Series:Historisk Tidsskrift
Subjects:
Online Access:https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.1504-2944-2021-02-04
Tags: Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
Description
Summary:I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesarar. Eit rikt materiale frå lærarutdanninga i Tromsø gjer det mogleg å følgje Ibsen-lesinga der i noko detalj, frå dei fyrste innkjøpa i 1866 til byrjinga av 1880-åra. Som ein kyrkjekontrollert, konservativ institusjon lét seminaret vere å kjøpe inn mykje av den moderne litteraturen, men dei kjøpte nesten alt av Ibsen, til og med Et dukkehjem. Det omstridde familiedramaet blei Ibsens gjennombrot som elevlesing og skapte større interesse også for hans eldre titlar. Skulebibliotekets fyrsteutgåve av Et dukkehjem er bevart, og lesarkommentarane i margane syner at boka blei lesen på ein meir «engasjert» og «deltakande» måte enn dei Ibsen-titlane som var skulepensum.
ISSN:1504-2944