Når det regnar i Afrika – ei bok for kritisk tenking og aktørskap?
Når det regnar i Afrika. Ei bok om vêr og klimaendringar er ei sakprosa-bildebok for barn skriven av Erna Osland, illustrert av Per Ragnar Møkleby. Boka er innlemma i FNs berekraftsbibliotek for aldersgruppa 6–12 år. På den venstre sida i kvart oppslag finn vi forteljinga om guten Styrk, på den høgr...
Saved in:
| Main Authors: | , , |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Danish |
| Published: |
Scandinavian University Press
2023-05-01
|
| Series: | Barnelitterært Forskningstidsskrift |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/doi/10.18261/blft.14.1.5 |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Når det regnar i Afrika. Ei bok om vêr og klimaendringar er ei sakprosa-bildebok for barn skriven av Erna Osland, illustrert av Per Ragnar Møkleby. Boka er innlemma i FNs berekraftsbibliotek for aldersgruppa 6–12 år. På den venstre sida i kvart oppslag finn vi forteljinga om guten Styrk, på den høgre fagtekstar om vêr og klima. Boka endar i ein argumenterande tekst om å ta grep mot klimaendringane. Bilda er felles for alle teksttypane og strekk seg ofte over heile oppslag. I denne artikkelen reiser vi spørsmålet om bildeboka Når det regnar i Afrika kan gi rom for kritisk tenking og aktørskap knytt til vêr og klimaendringar. Kritisk tenking dannar grunnlag for å avgjere kva vi skal tru eller gjere (Ennis, 2015), noko som er sentralt i miljøspørsmål. Kritisk tenking er ein av dei åtte nøkkelkompetansane UNESCO meiner er naudsynte for å nå dei 17 berekraftsmåla, og kan sjåast i samanheng med å tilskrive barn aktørskap i miljø- og klimaspørsmål (Goga, 2021). Vi analyserer boka i lys av fem teoribaserte dimensjonar av kritisk tenking: å tenke og handle rett, å ha og nytte kunnskap, å sjå ei sak frå fleire sider, å sjå samanhengar, og å gå i dialog. Analysen avdekker at desse dimensjonane kan vere fruktbare for å drøfte i kva grad denne bildeboka om vêr og klima kan bidra til å fremje kritisk tenking og aktørskap. |
|---|---|
| ISSN: | 2000-7493 |