Rusproblem og endring i eit diskursperspektiv: Ein analyse av praksisforteljingar
Rusproblem er eit fleirtydig fenomen der ulike forståingar har dominert gjennom historia og mellom samfunn. Også i vår samtid blir samfunnets reaksjonar mot problematisk rusbruk utforma i skjeringspunkt mellom ulike ideologiar og forståingar. Kva faglege, ideologiske og moralske forståingar som rår,...
Saved in:
| Main Authors: | , |
|---|---|
| Format: | Article |
| Language: | Norwegian Bokmål |
| Published: |
Scandinavian University Press
2019-01-01
|
| Series: | Norsk Sosiologisk Tidsskrift |
| Subjects: | |
| Online Access: | https://www.idunn.no/norsk_sosiologisk_tidsskrift/2019/06/rusproblem_og_endring_i_eit_diskursperspektiv_ein_analyse_ |
| Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
| Summary: | Rusproblem er eit fleirtydig fenomen der ulike forståingar har dominert gjennom historia og mellom samfunn. Også i vår samtid blir samfunnets reaksjonar mot problematisk rusbruk utforma i skjeringspunkt mellom ulike ideologiar og forståingar. Kva faglege, ideologiske og moralske forståingar som rår, dannar vilkår for korleis hjelp til personar med rusproblem kan utformast. Éi forståing som i vår samtid har fått auka støtte i den internasjonale forskingslitteraturen, er at rusproblem er ei langvarig liding prega av ein syklisk endringsprosess. Trass i at denne forståinga av rusproblem er framtredande i forskingslitteraturen, er ho lite utforska, deriblant korleis forståinga er representert i profesjonell praksis. Praksisforteljingar er ei kjelde til innsikt i kva forståingar av rusproblem som er i bruk. Basert på forteljingsfokuserte intervju med 23 rådgjevarar ved tre ulike NAV-kontor som arbeider med brukarar dei meiner har rusproblem, reiser vi i artikkelen forskingsspørsmålet: Korleis vert endring forstått i rådgjevarane sine praksisforteljingar? Som analysereiskap nyttar vi det diskursteoretiske omgrepet tolkingsrepertoar. Vi presenterer tre typar tolkingsrepertoar som vi har valt å kalle eit profesjonelt avmaktrepertoar, eit vendepunktrepertoar og eit verdsetjingsrepertoar. Vi diskuterer kva diskursive ressursar som er i bruk i desse forteljingane, og vi diskuterer forteljingane i lys av den framveksande forståinga av rusproblem som ei langvarig liding. Vidare diskuterer vi kva profesjonelt handlingsrom dei ulike repertoara skaper. |
|---|---|
| ISSN: | 2535-2512 |