Mellom skrifta og barnet – tre barnehagelærarar sine strategiar i høgtlesing av bildebøker med få ord og med fleire ord
Denne studien går ut på å utforske korleis skriftmengde påverkar tre barnehagelærarar sine val av bildebok, og kva strategiar dei tek i bruk når dei realiserer bildebøker med få ord og med fleire ord for fireåringar i barnehagen. Det empiriske materialet i studien er todelt: (1) Tre barnehagelærara...
Saved in:
Main Author: | |
---|---|
Format: | Article |
Language: | Danish |
Published: |
Cappelen Damm Akademisk NOASP
2025-02-01
|
Series: | Nordisk Barnehageforskning |
Subjects: | |
Online Access: | https://nordiskbarnehageforskning.no/index.php/nbf/article/view/576 |
Tags: |
Add Tag
No Tags, Be the first to tag this record!
|
Summary: | Denne studien går ut på å utforske korleis skriftmengde påverkar tre barnehagelærarar sine val av bildebok, og kva strategiar dei tek i bruk når dei realiserer bildebøker med få ord og med fleire ord for fireåringar i barnehagen. Det empiriske materialet i studien er todelt: (1) Tre barnehagelærarar har filma to lesestunder kvar – ei bok med få ord og ei bok med fleire ord, og (2) deretter har eg gjennomført videostøtta samtalar med barnehagehagelærarane der dei reflekterer rundt førebuing og gjennomføring av lesestundene. Videoopptaka frå høgtlesingane er transkriberte og analyserte komparativt med den skrivne teksten i bøkene, og tematisk, etter kva strategiar barnehagelærarane brukar i realiseringa av verbalteksten. Tre hovudkategoriar er identifiserte: (a) invitasjonar til samtale, (b) innhaldsformidling og (c) språklege tilpassingar. Lydopptaka frå den videostøtta samtalen med barnehagelærarane i etterkant er tematisk analyserte (Braun & Clarke, 2006). Studien viser at barnehagelærarane nyttar fleire strategiar for å byggje bru mellom verbalteksten og barna når dei les bildebøker med få ord, enn når dei les bildebøker med fleire ord. Funna gir innsikt i kva rolle skriftmengde spelar for barnehagelærarar sine bokval og strategiar dei brukar i realiseringa av verbalteksten.
ENGLISH ABSTRACT
Between the Verbal Text and the Child – Three ECEC Teachers’ Strategies Mediating Picture Books With Shorter or Longer Verbal Text
This study explores how text volume impacts three early childhood teachers’ picture book selection and their strategies for mediating books with fewer words or more words for four-year-olds. The research utilizes two forms of empirical material: (1) Three ECEC teachers have filmed two reading sessions each – one of a book with fewer words and one book with more words, and (2) video-supported conversations with the teachers, offering reflections on the reading sessions. The data from the readings was transcribed and comparatively analyzed with the book’s written text, and thematically categorized (Braun & Clarke, 2006) based on the mediation strategies utilized. The audio from the conversations was transcribed and included in the analyses. Three main strategies have been identified: (a) conversational initiations, (b) content dissemination, and (c) linguistic adaptions. The study shows that the three teachers use strategies more frequently to build bridges between the written text and the children when reading books with fewer words. The findings provide insight into the role the amount of text plays in early childhood teachers’ picture book selection and their strategies for mediating written text.
|
---|---|
ISSN: | 1890-9167 |